Velkommen til oss Gitte👋

BIlde av Gitte Doksrød

Gitte Doksrød er trivselsansvarleg i Kraftlauget

Vi er svært glade og overraska over å kunne annonsere at Gitte Doksrød er tilsett som trivselsansvarleg eller Chief Happiness Officer (CHO)🤗 i Kraftlauget. Ikkje fordi vi ikkje har høg trivsel frå før av, men for å oppretthalde den og gjere den enno bedre finnes det knapt nokon bedre egna her i landet enn Gitte.

 

Gitte er eit fyrverkeri🎇 som stadig har kreative idear og har ei innstilling til livet der "det må prøvast" er den normale frasen. Ho kom til Bergen grunna studie og tok aktivt del i Realistforeningen og på Hulen.

Gitte er flink til å finne løysingar på vanskelege oppgaver, som f.eks. det å finne 20 dansarar i dyrekostymar🦁 på to timars varsel til ein Flaming Lips-konsert på Quartfestivalen🎸. Etter studiar i samfunnsgeografi starta ho å arbeide i, på den tida, den nye tv kanalen TV 2. Gjennom 23 år der bekledde ho fleire rollar på ulike avdelingar som sport og utanriks, og no sist var ho bemanningsplanleggar.

Gitte vaks opp i industribygda Skien og har sidan den gong gjort det til sin livsoppgåve å reise mest mogleg. 84 land🌍 står so langt på lista og den veks stadig. Ho er også ein aktiv turgåar rundt om på Bergens bakketoppar og tek aktiv del i Barnas turlag saman med sonen Brage. Vi ønskjer Gitte hjarteleg velkommen til oss!!

 
Forrige
Forrige

Bør individuelle bonusordninger avskaffes?

Neste
Neste

Velkommen til oss Petter👋