Om oss
Vi i Kraftlauget vil ha eit annleis miljø med fokus på samhald og fagnettverk, der alle kraftkvinner og kraftkarer eig og påverkar eiga bedrift. Kraftlauget investerer tilbake til samfunnet gjennom å ta på seg pro-bono prosjekt som støttar bærekraftsmål og gjev verdi til folk.
Samfunnsansvar
Kraftlauget skil seg ut frå konkurrentane ved å ha samfunnsansvar og bærekraft som strategiske deler av si forretningsdrift. 5% av overskotet går til prosjekt som stør opp under FN sine bærekraftsmål: 3 God helse, 4 God utdanning, 13 stoppe klimaendringane og sjølvsagt i Bergen, 14 livet under vann.
Vær med å påverke bruken av overskotet ved å dele din bærekraftige idé.
Etisk råd
Kraftlauget tek sine mål om bærekraft og sosialt ansvar svært seriøst. Difor har vi etablert vårt eige etiske råd som bestemmer kva kundar Kraftlauget skal arbeide med. Alle kan ikkje bli kunde av oss, og dei som er det, er vurdert til å falle innafor våre krav til bærekraft og sosialt ansvar.
Meir kraft
Kraftlauget er ein del av Generate Group, eit nordisk fellesskap av selskap med spisskompetanse. Det gir oss tilgang til meir kompetanse, kapasitet og eit større fagmiljø, til beste for kundane våre.
Du finn oss midt i sentrum i desse byane
Vil du slå av ein prat over ein kopp kaffe?
Vi er alltid nysgjerrige på nye prosjekt, idéar og folk. Ta kontakt, vi lyttar gjerne.
Send ein e-post til geirmagne@kraftlauget.no eller ring
997 16 479, så finn vi eit tidspunkt.