Si hei til Kristian, vår nye frontend-utvikler👋
Kristian Rykkje kjem til oss i Kraftlauget frå rollen som techlead Frontend i BOB. Han er ein svært nysgjerrig og flink utviklar som brenn for faget, og er aldri redd for å prøve å finne betre løysingar på utfordringar.
På fritida har Kristian bidrege godt til teknologiscenen i Bergen og blandt anna som arrangør av Supabase meetup i Bergen.
Kristian Rykkje er frontend-utviklar i Kraftlauget
Solid og allsidig erfaring👨💻
Kristian hadde ein gong i livet planar om å bli byggingeniør, og starta til og med på den linja i Ålesund. Han fann likevel kjapt ut at han heller ville bygge dataløysingar og har brukt all sin tid på dette seinare.I karrieren sin har Kristian arbeida mykje med alle aspekt av utvikling, men har brukt mesteparten av tida på frontend.
I BOB arbeida han mykje med styreportalen og hadde ei viktig rolle i alt frå rekruttering av teammedlemmer til oppsett av eit system som kunne forvaltast mest mulig effektivt av eit lite team. Teknologien her har vore hovedsakleg NextJS og React.
I perioden før Bob arbeida han som webutviklar i suksesselskapet FotMob, der han forbetra websidene ved bruk av NextJS, Typescript og React. Sidene vart betydeleg bedre og målet om å bli meir synlege på nettet vart også nådd.
Gründer av flere startups🤩
I mellom alle desse jobbane var han også gründer av kaffistartuppen Coffeo☕️. Her har Kristian satt opp ein komplett handelsplattform for salg av kvalitetskaffi. Teknologien her har hovedsakleg vore NextJS, Supabase og Sanity.
Også på matlagingsfronten👨🏻🍳 har Kristian engasjert seg. Han utvikla løysinga recipescroll.com, der du lett kan holde oversikt over oppskrifter og dele med familie og venner. Løysinga var utvikla i react native.
Utenom jobb⚽️🧭
Kristian har til tross for sin unge alder alt mykje erfaring innan mange område, alt frå å undervise i IT på HVL til å være ein habil fotballspelar. Når Kristian ikkje er oppslukt i eit eller anna utviklingsprosjekt spring han orientering og brukar tid på kjernefamilien og sine to born. Kristian har verkeleg oppnådd mykje i ung alder.
Velkommen til oss, Kristian!