Pridefeiringa er ikkje det viktigaste 🏳️🌈
I desse dagar er det mykje merksemd rundt Pride og bedrifter kjempar seg imellom for å vise kor opptekne dei er av dette. Det er kjempebra!! Men likevel kan ein ikkje underslå at dei viktigaste tinga vi kan gjere skjer i resten av året utanom Pride.
Skeive har i større eller mindre grad løpande utfordringar der både samfunnet og medmenneske ikkje gjer tilstrekkeleg for å akseptere og tilrettelegge for at alle skal kunne leve fullverdige liv. I mange land i verda er ikkje berre rettane og samfunnet fiendtleg for skeive, i fleire land går og ting i feil retning. Det at land har straff, enkelte til og med dødsstraff, for skeive er skremmande og uakseptabelt!
Men vi treng ikkje klappe oss på skuldrane og skryte uhemma av oss sjølve her i landet. Vi treng ikkje gå lenger tilbake til 1972 (fleire i Kraftlauget var fødde på det tidspunktet) då §213 i straffeloven framleis verka "Finder utugtig omgjængelse Sted mellem personer af mandkjøn, straffes de, der heri gjør sig skyldige, eller medvirker dertil, med fængsel indtil 1 aar".
Framleis ein veg å gå
Sjølv om loven vart oppheva i 1972 var homofili framleis ein medisinsk diagnose til tidleg på 80-talet. Og om vi tenker på transpersonar vart desse tvinga til sterilisering fram til 2016 og transseksualismen vart sett på som ein diagnose fram til 2019. Så vi har framleis ein veg å gå også med tanke på storsamfunnet si rolle. På individnivå er sjølv i dag hatkriminalitet mot skeive utbredt i Noreg og ein kan til stadighet sjå i offentlegheita at skeive av mange ikkje er aksepterte med likeverdige rettar som andre.
Respekt frå alle ♥️
I Kraftlauget er vi opptekne av at alle skal kunne leve liva dei sjølv ynskjer til det fulle, og få tilrettelagt og ikkje minst få respekt for dette av alle. Alle skal behandlast med samme rettar og få tilpassa sin arbeidssituasjon til sitt liv, dette gjeld både med tanke på oppdragsgjevarar og ev. fråvær for å kunne få eit fullverdig liv.
Pride er eit flott arrangement som vi støttar heilhjerta, men la oss ikkje gløyme alle dagane mellom Prideperiodane. Det er då respekt og likeverd verkeleg kan visast.