Velkommen til oss Syver👋
Vi har gleda av å ønske Syver Storm-Furru velkommen som kraftkar i Kraftlauget. Syver har bachelor i datateknologi og samanliknande politikk, før han avslutta med ein Master i Visualisering ved Universitetet i Bergen. Han kjem til oss frå ei stilling som datajournalist/Utviklar i TV2 der han arbeida i avdelingen som blir kalla Lab 2. Denne fokuserer på å forbedre journalistikken. I Kraftlauget vil han arbeide som frontendutviklar på vår prosjektgruppe🤩.
Syver likar også å engasjere seg i ting utanom studia, og har vore både kursholdar og frivilleg på Boosterkonferansen i Bergen. Syver har tidlegare hatt deltids- og sommarjobbar for statlege organ som Statens kartverk og fiskeridirektoratet, der oppgavene har bestått alt frå support til utvikling av kartløysingar. Teknologistacken hans består m.a. av React, Typescript, CSS, HTML, Haskell og Elasticsearch. Utanom alt dette var også Syver ein av grunnleggjarane av ein kodeklubb for ungdomsskuleelevar i Bergen. Kurset vart utvikla av dei sjølve og gjennom 35 timar underviste dei elevane i Python
Syver har også tilbrakt litt tid i vår nyaste OL-by, og var også der ei viktig brikke i å støtte dei som treng litt hjelp gjennom sitt arbeid med leksehjelp for Røde Kors⛑. Syver er ingen A4-person, noko som blir underbygd av at han i sin ungdom var russelåtprodusent!🔊🥳