Tenester > Rådgivning > Gode praksisar
Gode praksisar
Skap dei beste rammebetingelsene for å lukkast innan digital produkt- og tenesteutvikling.
Viss det å designe og utvikla digitale tenester og produkt er viktig for bedrifta di, må du leggja til rette for at organisasjonen din jobbar etter samlande praksisar og mål.
Beste praksis = Dårleg praksis?
Det finst svært mange beste praksis rammeverk som bedrifta di kan innføre som utgangspunkt, men viss ein ikkje evnar å utnytta og bruka rammeverka med tilhørende verktøy og metodikkar på rett måte, vil beste praksis fort bli dårleg praksis. Ei felle mange går i, er at praksisen ein innfører blir for teoretisk, omfattande og streng, slik at brukarane anten omgår han heilt, tøyer han eller blir svært misnøgde.
Ei bedrift må ikkje fokusera på å innføra beste praksis, men konsentrera seg om å få etablert og halde ved like ein god praksis. Kjenneteikna ved ein god praksis er at han verkar til det gode for menneske og til det beste for organisasjonen.
Kjenneteikna ved ein god praksis er at han verkar til det gode for menneske og til det beste for organisasjonen.
God praksis
Dei fleste organisasjonar klarer seg fint med smidige lettvekt praksisar. Praksisar som gjer at forretningen, konseptutviklarar, produktleiarar, designarar, arkitektar og utviklarar får gode interne brukaropplevingar, samtidig som dei sikrar at organisasjonen byggjer programvare på samlande prinsipp, rammeverk og verktøy.
Fordelane med å innføra ein god praksis på rett måte er mange:
Redusert tid til marknaden for nye digitale produkt og tenester
Ein skapar samstemde designuttrykk ut mot marknaden og internt
Nye designarar og utviklarar blir raskare onboardet i prosjekt
Yngre talent får etablert gode praksisar med ein gong
Seniorutviklere, arkitektar og designarar blir meir samlande og effektive
Design og utviklingsprosessar blir kopla tettare saman
Programvaren blir sikrare og enklare å forbetra og drifta
Organisasjonen får auka forståing for temaet teknisk gjeld
Behøver de hjelp?
Kraftlauget sine rådgivarar og arkitektar er erfarne teknologar og designarar som har jobba med programvareutvikling og forretning i over 25 år. Ein viktig del av oppdraget vårt vil vera å utvikla og utvida talentet og ferdigheitene til menneska i organisasjonen din.
Vil du snakke meir med oss?
Ta kontakt med Tor-Erik Stakset for ein hyggeleg prat på tor-erik.stakset@kraftlauget.no