Velkommen til oss Roger🥳

Endeleg er Roger Solsvik på plass i Kraftlauget! Roger har arbeida med arkitektur og systemutvikling i mange år og er det ein kan kalle ein ekte full-stack utviklar🤩. Han har den viktige egenskapen å kunne koble teknologi og forretningsverdi, noko som gjer at han snakkar godt med alle deler av eit prosjekt.

Erfaringen sin har han opparbeida frå ulike rollar innan bransjar som finans, bank, handel og energi. I Sparebanken Vest har Roger arbeida på som arkitekt med eit særleg fokus på deira open-banking tenester.

I Equinor arbeida han med system for brønnmodellering, optimalisering og prediksjon. Han har og vore ein sterk pådrivar for å utvikle såkalla MVP’er for kjapt å kunne vise kunde korleis eit konsept vil fungere.

På fritida er Roger ein svært ivrig jeger og fiskar🎣. Han er svært fleksibel og står alltid på, men ikkje rør jakta! I heimen på Askøy held han til saman med kone og tre barn.

I Kraftlauget vil han være dedikert til å levere innovative løysingar til våre kundar saman med resten av laget.

Velkommen til oss og kjekt å ha deg tilbake, Roger!❤️

Forrige
Forrige

Girl Tech Fest i Bergen🤖

Neste
Neste

Velkommen til oss Tor-Erik❤️