Velkommen til oss Tor-Erik❤️

Vi er svært glade for å ha fått Tor-Erik Stakset innlemma i Kraftlauget🤩. Tor-Erik er kjent for mange i Bergen sitt IT-miljø og har i 25 år arbeida frå alt som utviklar og prosjektleiar til forretningsutviklar og direktør.

Tor-Erik har hatt sitt virke i både små og store organisasjonar, mellom andre Labs (no Sopra Steria) og som regiondirektør i TietoEvry. Han har heile tida vore kjent for sitt skarpe hode, gode lynne og sine strategiske evner.

Som ein kunnskapsivrig rådgjevar har han gjennom god bruk av moderne teknologiske løysingar, oppnådd høg forretningsverdi for mange kundar i Norge. Tor-Erik har alltid hatt fokus på brukaren sine behov og kva som er viktig å prioritere for å oppnå desse.

På fritida er han ein aktiv kar som spring i fjellet⛰, spelar sjakk og er engasjert i fotball⚽️. Imellom øktene tilbring han tid med sine tre gutar og kone Janne.

Hos Kraftlauget vil Tor-Erik arbeide med prosjektsalg, forretningsutvikling og strategisk utvikling av nye tenesteområde. Han vil bli del av eit solid lag som alltid vil ha kunden sin nytteverdi i fokus. Velkommen til oss!

Forrige
Forrige

Velkommen til oss Roger🥳

Neste
Neste

Velkommen til oss Eirin👋